Advokatfirma har gjort kredittsjekk
Solgt hus, rettet krav mot oss nærmere 1år etter salg. Vi har tatt kontakt med advokat for hjelp, og nå ser det ut til at motpart har gjort det samme, for et ukjent advokatkontor har tatt kredittsjekk av oss. Har motparts advokat lov til dette? Er det for å sjekke hva for noe? Kan ikke se at motpart skal ha behov for slik info, annet enn for ev. å justere kravene sine, hvilket jeg syns blir litt feil.
Svar:
Datatilsynet har en oversikt over reglene som gjelder, gjengir disse kort her:
Kredittvurdering eller kredittsjekk kan gjerast dersom ei verksemd treng informasjon om at du er kredittverdig eller har betalingsevne. Ei verksemd kan berre be om kredittsjekk dersom det er sakleg grunn for det. Her er ein gjennomgang av reglane.
Kredittvurdering
Dersom du gjer ein avtale som inneber at du får kreditt, for eksempel når du kjøper ei vare du skal betale med faktura, kan det vere at dei du kjøper av har ein slik sakleg grunn for å sjekke om du kan betale.
Ei verksemd kan ikkje gjere ein kredittsjekk av deg dersom du betaler kontant for vara du kjøper.
Gjenpartsbrev
Dersom du har blitt kredittvurdert, skal du få eit gjenpartsbrev som informerer om at det er gjort ei slik vurdering. I somme tilfelle kan gjenpartsbrevet vere elektronisk.
Brevet skal mellom anna innehalde opplysingar om
kven som har bedt om kredittopplysingane og kontaktopplysningane deira
kva for nokre opplysingar som er gitt ut
kjelda for opplysningane
Lurer du på kvifor du er kredittvurdert?
Dersom du ikkje forstår kvifor, eller er ueinig i at det er gjort ei kredittvurdering av deg, kan du be om ei forklaring frå den verksemda som har bede om kredittvurderinga.
Sperre mot kredittvurdering
Du kan sjølv setje ei frivillig sperre mot kredittvurdering hos kredittopplysingsverksemdene. Då kan ikkje andre hente inn kredittopplysningane dine utan at du hever sperra fyrst. Dette er praktisk viss du er uroa for ID-tjuveri (til dømes at andre skal ta opp lån i namnet ditt) eller at andre skal hente inn opplysningane dine utan lov (datasnoking).
Merk: Sperra gjeld ikkje ved utlevering av kredittopplysningar til bankar og finansieringsinstitusjonar når opplysningane skal nyttast i samband med bankane sine risiko- og soliditetsvurderingar. Sperra gjelder heller ikkje ved førespurnadar frå inkassobyrå i samband med porteføljevask og ved vurdering og inndriving av krav.